FOU

Forskning og utvikling ved bedrifta

Værlandet Fiskeredskap har som ein av sine grunntankar å gjere kvardagen enklare for kundane våre. Vi set vår ære i å tilby god service, god kvalitet på produkta våre og å halde oss innan leveringsfristar.

I ein travel kvardag veit vi at spart tid er viktig for mange fiskarar. Ei moderne redskapsbedrift må difor alltid prøve å tilby løysingar som ein ser at det er ynskje og behov for.

Produktuvikling i samarbeid med fiskarar

For å kunne tilby dei gode løysingane til fiskarane, har vi heile tida fokusert på eit godt og nært samarbeid med kundane våre. I tillegg til å gjere vårt beste for å møte fiskarane sine behov, har vi teke dei med på råd når det gjeld produktutvikling ved bedrifta. Dette samarbeidet har bl.a. resultert i dei unike produkta våre:

 Værlandsgarn® | Garnhotell | Værlandskrok | Værlandsflyt

Positiv til nye innspel

Ein god dialog med dei som skal bruke produkta våre er ein god garanti for kvalitetssikring! Vi set difor stor pris på framtidige innspel til vidare utvikling av tilbodet vårt, frå både gamle og nye bekjente :)